Fosstveitdammen

I samband med Nordagutbygginga blei Risvollelva demma opp på Fosstveit. Damanlegget skulle forsyna den fabrikken med vatn. Ein trong mykje vatn til produksjonen der aluminiumoksidet mellom anna blei utvunne ved utfelling i store tankar med lut.


Fosstveitdammen blei bygd under andre verdskrigen som del av A/S Nordag si storstilte industriutbygging i Saudasjøen.


Byggearbeida på Fosstveit tok til våren 1941 og hadde ei byggetid på drygt eit år. I samband med bygginga blei det sett opp ei rekke brakker både på Hovland og på Fosstveit. 


For å kopla saman dammen med Nordaganlegget blei det grove ned vassleidningar frå dammen og ned til Nesøyra.


Dammane har ein lengd på 25 og 80 meter og er mellom 10 og 12 meter høge. 


Damanlegget blei ikkje rive etter krigen, og er difor eit av få krigsminne som står att i Saudasjøen. Dammen er i dag reservevasskjelde for kommunen.

© Foreininga for krigens kulturminne i Sauda

  • Grey Instagram Icon
  • Grey YouTube Icon
This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now
unspecifiedRO6XUWED.jpg