top of page

Nordag-programmet

Før krigen var den norske aluminiumsproduksjonen var på omlag 30 000 tonn i året. I 1940 la sjefen for Luftwaffe, det tyske flyvåpnenet, Herman Göring, fram planar om å seksdobla dette fram til 1943. Største delen av planane blei til etter innspel frå norsk industri og det såkalla «svarte heftet» som generaldirektøren i Norsk Aluminium Compani, Sigurd Kloumann, gav tyskarane hausten 1940. For å bygga ut den norske aluminiumsindustrien blei det i månadsskiftet november-desember 1940 danna eit selskap i Berlin. Nordische Aluminium Aktiengesellschaft (NORDAG) henta i hovudsak kapital frå det tysk luftfartsministeriet.Luftfahrtsministerium.


Sauda var, gjennom sin eksisterande industri og sitt potensial for ei hurtig auke av vasskraftproduksjonen, ein naturleg stad å sjå til for ei utbygging av norsk aluminiumsindustri.


Planane i Noreg var gigantiske og kostnadsrekna til nærare 1,4 milliardar 1940-kroner. Tyskarane såg føre seg ei kraftutbygging på nærare 600 000 kWh, og ein produksjon på omlag 150 000 tonn aluminium og 20 000 tonn silisium i året. Dette utgjorde åleine halvdelen av produksjonskapasiteten Tyskland sjølv hadde. Dersom dette hadde blitt gjennomført, ville Noreg alt på den tida ha blitt ein av verdas viktigaste aluminiumsprodusentar. 


18. februar 1941 gav Göring ordre om eit såkalla Sofortprogramm som inneheldt planar for aluminiumsanlegg i mellom anna Glomfjord, Tyssedal, Herøya og Sauda. Etter eit initiativ frå Rikskommisær JosefTerboven, som ikkje ynskte å setja norske konsesjonslovar til sides, blei det 3. mai 1941 skipa norsk selskap, A/S Nordag, eit dotterselskap til NORDAG. Selskapet skulle stå for utbyggingane i Noreg. 


Det er sagt at A/S Nordag hadde ein svak administrasjon og ei heller kaotisk drift, og selskapet fekk ganske snart store problem både med arbeidskraft og tilgang på materialar. Dei store planane blei difor noko reduserte tidleg i 1942. Fleire av planane blei lagde til sides. Lengst blei arbeidet ført i Årdal i Sogn og Sauda, der fabrikken hadde prøveproduskjon alt før krigens slutt.

Tyskarane hadde planar om å oppretta aluminiumsfabrikkar over heile Noreg. 

Les meir

Det er skrive ein del om Nordag-programmet, og om Nordag-anlegget i Saudasjøen. Sauda sogelag har gitt ut eige hefte om Nordag-anlegget, og ein kan finna fleire titals artiklar i årbøkene om same tema. 

Tore Bastlien Dahl har skrive masteroppgåve med tittelen "Sauda i den tyske rustningsøkonomien". Den kan ein lasta ned her

Michael Stokke har skrive masteroppgåve med tittelen "Sovjetiske og franske sivile tvangsarbeidere i Norge 1942-1945". Den kan ein lasta ned her

Arkivverket tek vare på arkivet etter A/S Nordag. På arkivverket sine nettsider kan ein lesa meir om lettmetallindustrien under 2. verdskrigen. 

bottom of page