top of page

Bauxit frå tyskokkuperte område vart frakta til kaien på smelteverket EFPCo i Sauda.

 

Prosessen starta i ein smelteomn på smelteverket i Sauda. Her vart hovudråstoffet bauxit blanda med kalk og koks. Blandinga vart smelta og ein kunne tappa av råjernet (biprodukt).Kalken tilsette ein mellom anna for å binda silisium til ei svært tungt løyseleg form.Slik ville silisium følgja slammet og ikkje ureina oksiden.

 

Slagget (hovudproduktet) vart frakta med jernbanen til anlegget i Saudasjøen. Der vart slagget lagra i ein hall.
 

Slagget låg til avkjøling i lagerhallen. Der tok slagget opp fukt, og dette førte så til at slagget vart knust. Men slagget måtte knusast meir, og det vart difor frakta vidare til ei kulemølle, og så knust til passe finkorna masse.


Frå mølla gjekk slagget over til ekstraksjonsbygningen. Her stod ekstraksjonskara, fylt opp med lut (i hovudsak vatn + soda). Luten vart oppvarma med damp. Kara vart så fylt med slagg. Under omrøring føregjekk ekstraksjonen. Under denne prosessen gjekk aluminium over frå slagget til luten. Prosessen føregjekk under kontroll. Når den var ferdig, gjekk blandinga over til klaringskar. Restane av slagget vert nå kalla slam. Den nesten klare luten gjekk så gjennom eit pressfilter, og her varte den til klårlut. Slammet og resten av luten gjekk så gjennom ei rekkje tjuknarar slik at lut og slam vart skilt. Slammet vart pumpa ut i fjorden og luten gjekk til pressfilteret. Frå filteret vart luten pumpa over i fellingskar. Her vart aluminium-hydroksid Al(OH)3 utfelt med kolsyre CO2. Kolsyra fekk ein frå forbrennings-gassen frå den roterande kalsinerings-omnen. Når fellinga vart avslutta vart blandinga køyrd gjennom eit roterande sugefilter. Luten vart sugd inn i filteret. Aluminiums-oksiden vart igjen på utsida av filteret og vart skrapa av. Luten gjekk tilbake til ekstraksjonen der den vart kontrollert og justert.

Aluminiumshydroksidet gjekk til den roterande kalsineringsomnen der det vart oppvarma til godt over 1000°C. Her gjekk aluminums-hydroksidet over til aluminiumsoksid. Oksidet må ha den sterke oppvarminga for å mista evna til å ta opp fukt.

 

Produksjon

Produksjonen bygde på Professor Harald Pedersen sin metode. Denne metoden var særskild god for å nytta bauxit med høgt jerninnhald. Bauxiten var billeg, og ein fekk i tillegg råjern som biprodukt. ​

 

Nå var oksidet ferdig, og etter avkjøling vart det transportert til pakkeriet, fylt i sekker og lasta ombord på lasteskip.
 

bottom of page