top of page

Brakkeleir og arbeidarliv
I Saudasjøen blei alle tvangsarbeidarane innlosjert i brakkebyen. Dei franske og sovjetiske arbeidarane blei skilt og budde i kvar sine brakkeleirar. 


I “russarleiren”  budde dei som var frå Sovjet. Russarleiren bestod av tilsaman 12 brakker, inkludert ei eiga kvinnebrakke. Rundt russarleiren var det høge piggtrådgjerder, slik at “russarane” var skilt frå resten av leiren. Dei hadde òg eige kjøken og spisesal. 
Den første tida i Saudasjøen, var “russarane” si tid og fridom avgrensa til arbeidet dei skulle gjera. Når dei ikkje var på arbeid, var dei under vakthald og fekk opphalda seg i russarleiren. Etter kvart som tida og åra gjekk blei vakthaldet slakkare, og “russarane” fekk det friare.


Franskmennene derimot, gjekk fritt heilt frå dei kom til Saudasjøen. Dei kunne difor spela fotball og gå turar i Saudafjella. Buforholda var omtrent det same for franskmenn som for “russarar”. Derimot var det stor skilnad når det gjaldt rettane dei hadde som arbeidarar. Rene Laroulandie var ein franskmann som blei tvangssendt til Saudasjøen i 1943. Han fortalde at franskmennene i starten åt saman med dei norske og danske arbeidarane. Maten dei fekk servert var ikkje den beste, og dei klagde på dette. Resultatet blei at franskmennene fekk sitt eige kjøken med eigne kokkar.


Det fanst òg postkontor i ei brakke, og bade- og vaskehus. Ei brakke fungerte som felles dusjanlegg for arbeidarar og folk elles i Saudasjøen. Ved sjøen fanst det to små bygningar der ein kunne gå på do.

Sjøen

- frå jordbruksbygd til brakkeby

Etter kvart som tida gjekk skifta Saudasjøen fullstendig utsjånad. Ein ting var dei store fabrikkhallane som dominerte det nye biletet av Saudasjøen. I tillegg reiste det seg stadig nye brakker over heile det sentrale Saudasjøen. Brakkene var både for administrative oppgåver, og for å husa arbeidarar. Ein liten by vaks fram her ute. 

 

Fabrikkområdet dekte kring 200 mål. I tillegg tok brakker og anna verksemd store areal midt i det beste jordbruksområdet i Saudasjøen. Dette siste bekymra ordføraren, og han skreiv i brev av 8. oktober 1942 til Landbruksdepartementet og bad om at ein måtte pålegge Nordag å spara matjorda mest mogleg. Det var ei sak at ein hadde bygd ned Nes-bruka for å få plass til fabrikken. Ei anna sak var at lastebilar og maskinar køyrde sund dei gamle vegane mellom bruka i bygda, og at køyrde på kryss og tvers over dyrka mark. “På den måten anleggsarbeidet er drive, må ein seia at der er teke for lite omsyn til dei som i desse tider strevar med matauken”, skreiv ordførar Fjørtoft.

Husløysa

Folk strøymde til Sauda i samband med Nordag-anlegget, og det blei snart “kronisk husløyse” i bygda. Ikkje berre var det så godt som uråd å skaffa seg husrom med kjøkken. Det var til og med vanskeleg å skaffa seg ein liten einroms hybel.

Folk som kom til bygda med båt eller bil om kveldane, blei nøydd for å gå frå hus til hus og tigga om overnatting, ofte utan resultat. Dei måtte difor ta til takke med spartanske overnattingsstader, slik som tre karar som måtte bu i ei brushytte! Mange overnatta i løer rundt om i bygda.

Hausten 1943 skreiv ordføraren brev til EFP og Nordag bad ordføraren dei to fabrikkane om å setja opp brakker og mindre hus som ei naudløysing, trass i vanskane med å skaffa byggjematerial. I oktober same år stod så mange som åtti familiar framleis utan tilfredsstillande husrom.

bottom of page