top of page

Nesøyra

- fabrikken

Fabrikken i Saudasjøen skulle produsera aluminiumoksid. I denne prosessen var det meininga å nytta ein metode som var basert på bauxitt eller labroditt som råstoff. Dette råstoffet skulle smeltast i ein av omnane på smelteverket (EFP). Denne delen av prosessen gav råjern som biprodukt, medan hovudproduktet var slagget, kalla alumina. Dette skulle ein så foredla vidare i fabrikken i Saudasjøen.

 

Oksidfabrikken i Saudasjøen var det anlegget, under A/S Nordags ledelse som kom lengst. Anlegget produserte oksid fra januar 1944, og resultatet blei eit prøveparti på 10.237 tonn. Det var òg alt som blei produsert.

 

Det vil seia at det blei investert 160 millionar kroner (tilsvarar ca 2,3 mrd i dag) på eit anlegg som blei bygd ut over rundt 3 år, og som blei rive og flytta i det det stod ferdig. Dette har vel knappast skjedd med nokon fabrikk korkje før eller seinare.

Byggjeprosessen
Arbeidet skreid fram i Saudasjøen utan at dei kommunale styresmaktene hadde noko dei skulle ha sagt. Dei gamle tuna på Nes forsvann. Veldige maskinar høvla ned dei morenemassane som utgjorde den gamle innmarka på ein av dei eldste gardane i Saudasjøen.


Arbeidet gjekk heller seint, er det fortalt. Planlegginga skal ha vore dårleg. Dei bygde og reiv ned att, flytta og vølte. Arbeidstempoet var lågt og det mangla ein overordna kontroll på arbeidet. Det er sagt at same arbeidet til og med blei betalt fleire gonger. Ein av årsakene til den treige framdrifta var òg krigstilhøva, at det var vanskeleg å få tak i dei materiala og utstyret ein trong. Ofte gjekk ein og venta i lange tider på leveransar.

bottom of page