Stillingar
- forsvar og angrep
For å forsvara dei viktige fabrikkanlegga i Sauda mot angrep frå dei allierte sette tyskarane i gang ei rekkje tiltak. Det blei bygd luftvernstillingar på strategiske punkt, og det blei utvikla eit system for røyklegging av Sauda i tilfelle angrep.
Hausten 1943 gjorde for alvor tyskarane sin entré i Sauda. Den hausten vart det bygd ei rekkje “flakstillingar” rundt om i bygda. Flakstillingar var nokre spesielle kanonstillingar som skulle sikra mot angrep frå lufta. Det skal ha vore 24 stk 88 mm luftvernkanonar, 9 maskin-kanonar og truleg 15 stk 20 mm kanonar.
Nede på Klengaberget i Saudasjøen blei det sett opp luftvernstillingar. Betongfundamenta til desse kan ein framleis sjå i dag.
Eit tiltak noko for seg sjølv var systemet med ei rekke røykleggingsapparat langs den inste delen av fjorden - heile vegen frå Ramsnes til Bordvika - som tyskarane la ut. I Saudasjøen låg det klar røykleggingsbåtar som skulle gå ut under flyalarm. På kort tid kunne heile Sauda røykleggjast. Fabrikkanlegga i Sauda var viktige strategiske punkt for tyskarane, og difor viktig å forsvara mot bombing.