Fabrikkgata

Fabrikkgata var den sentrale hovudgata i Nordaganlegget. Det var fabrikkbygningar på begge sider av gata. Etter fabrikk-anlegget blei rive og flytta i 1951, blei området lagt ut som industriområde, og nye bedrifter etablerte seg her. 


Fabrikkområdet dekte omlag to hundre mål. Gjennom området gjekk ei hovudgate som alle dei viktige bygningane var orientert mot. Denne gata blir kalla “Strasse 1” i kartplanane til tyskarane. I anleggsfasen gjekk det òg jernbanespor gjennom denne gata, til frakt av varer og materiell. 


Kommunen gav uttrykk for at dei ynskte ei 12 meter hovudgate med to meter breie fortau gjennom anlegget, men tyskarane høyrde ikkje på det øyra, og reduserte den endelege gatebreidda til 6 meter.

© Foreininga for krigens kulturminne i Sauda

  • Grey Instagram Icon
  • Grey YouTube Icon
This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now