top of page
Fjordhotellet under krigen

Før krigen vart Saudasjøen kalla "Ryfylkes Hardanger"

FØR

ETTER

Fjordhotellet

- frå turisthotell til tysk hovudkvarter

Rundt århundreskiftet var den såkalla “landliggjartida”. Det var på den tida at Saudasjøen - “Ryfylkes Hardanger” - blei oppdaga som turistmål. I denne perioden blei Turisthotellet (fjordhotellet) bygd, og turistnæringa var ei viktig attåtnæring for bøndene. Biletet av Saudasjøen som den vakre perla inst i Ryfylke endra seg totalt med andre verdskrig.

Dei mange tilreisande sette sitt preg på bygda i sommartida i desse åra. Ein viktig grunn til at så mange byfolk fann vegen inn til denne fjordbygda, var at rutebåten i 1880-åra tok til å vitja bygda tre gonger i veka. 


Dei fleste turistane kom frå Stavanger, og talet på sommargjester var så stort at det blei sagt at det budde byfolk i mest kvart hus i Ytrabygdå (Saudasjøen). På denne måten fekk gardsfolket ei kjær-kome ekstrainntekt. Turistbygda Sauda blei ofte omtalt i avisene.

 

Krigstid
Turisthotellet i Saudasjøen - fjordhotellet - var eigentleg tenkt som reservesjukehus for saudabuane, og kjellaren der var gjort i stand som tilfluktsrom. Eit Røde Kors-flagg var gjort klart i slutten av april 1940 og skulle setjast opp på taket og skjermast med tjørepapp til hotellet var tatt i bruk til dette formålet.

 

Men så langt kom det aldri. Då tyskarane kom, kamuflerte dei heile hotellet med grøne buskar og tok det i bruk som bustad for høgare tillitsmenn og offiserar. 


At hotellet blei okkupert av tyskarane skapte problem for tilreisande til Sauda. Kommunen forsøkte å stilla krav om at somme rom på hotellet skulle stå til disposisjon for tilfeldig reisande, men slik blei det ikkje. Då husløysa i bygda var som verst, fekk folk som kom til Sauda om kvelden slå seg ned i vestibylen på Rådhuset over natta.

 

bottom of page