top of page



Koplingsstasjonen og kanalen
Den einaste bygningen som står att etter Nordag-anlegget er koplingsstasjonen der straumen blei transformert.
For å få plass til fabrikken måtte Neselva leggjast om. Det blei då bygd ein kanal frå Nesbrua og ned til fjorden.
​
Regulering av Neselva var noko av det første arbeidet som blei sett i gang. Neselva fekk nytt leie frå Nesbrua og ned til fjorden, og den blei lagt i kanal.
​
På grunn av sviktande underlag var det ikkje mogleg å bruka gravemaskin til dette underlaget. Kanalen blei difor gravd ut med handmakt. Tvangarbeidarane lempa dei utgravde massane opp i vaggen, og det blei så køyrt ut og lempa på deponi.
Kring 600 mann arbeidde med å flytta Neselva.

bottom of page