top of page

Risvoll

I samband med Nordagutbygginga blei Risvollelva demma opp på Fosstveit. Det gjekk med store mengder vatn i produksjonen, og damanlegget sørgja for vassforsyninga. Vatnet blei frakta i vassleidningar frå Risvoll og ned til fabrikken.

Risvoll var ein av gardane i Saudasjøen som fekk merka særskild godt endringane krigen og okkupasjonen førte med seg. Det blei bygd ei rekkje brakker på  innmarka rundt tunet, og det blei sett i gang store byggjearbeid i samband med oppdemminga av Risvollelva oppe på Fosstveit. 


For å kopla saman dammen med Nordaganlegget blei det sprengt ein tunnel for vassleidningar frå dammen og ned til Risvoll. Derfrå og ned til Nesøyra gjekk ein ned vassleidningane i marka.

bottom of page