Det kan ha vore slike røykleggingstønner som tyskarane plasserte ut langs Saudafjørden. Tønnene var fylt med klorsulfonsyre som, når den reagerte med luft, utvikla ei kraftig tåke. Tønna på biletet står i Norsk Rettsmuseum.

Stillingar 

- forsvar og angrep

For å forsvara dei viktige fabrikkanlegga i Sauda mot angrep frå dei allierte sette tyskarane i gang ei rekkje tiltak. Det blei bygd luftvernstillingar på strategiske punkt, og det blei utvikla eit system for røyklegging av Sauda i tilfelle angrep.


Hausten 1943 gjorde for alvor tyskarane sin entré i Sauda. Den hausten vart det bygd ei rekkje “flakstillingar” rundt om i bygda. Flakstillingar var nokre spesielle kanonstillingar som skulle sikra mot angrep frå lufta. Det skal ha vore 24 stk 88 mm luftvernkanonar, 9 maskin-kanonar og truleg 15 stk 20 mm kanonar.  


Nede på Klengaberget i Saudasjøen blei det sett opp luftvernstillingar. Betongfundamenta til desse kan ein framleis sjå i dag.  


Eit tiltak noko for seg sjølv var systemet med ei rekke røykleggingsapparat langs den inste delen av fjorden - heile vegen frå Ramsnes til Bordvika - som tyskarane la ut. I Saudasjøen låg det klar røykleggingsbåtar som skulle gå ut under flyalarm.  På kort tid kunne heile Sauda røykleggjast. Fabrikkanlegga i Sauda var viktige strategiske punkt for tyskarane, og difor viktig å forsvara mot bombing.

© Foreininga for krigens kulturminne i Sauda

  • Grey Instagram Icon
  • Grey YouTube Icon
This site was designed with the
.com
website builder. Create your website today.
Start Now